mandag 2. november 2009

"Kunsten å samtale" av Michel de Montaigne.


Michel de Montaigne var ein fransk forfattar som levde frå år 1533 til 1592. Michel de Montaigne reknast som grunnleggaren av sjangeren essay, som betyr forsøk, skisse, eksperiment. Teksten er skreve i renessansen som varte frå ca 1400- til 1600-tallet.


Michel de Montaigne skriv om kor flott evna til å kunne føre ein samtale er. Han fortel om korleis han interesserar seg for andre sine meiningar, og at han lærar av det motparten har å komme med. Han skriv at han heller vil konversere med dei som er tøffe mot han, enn dei som er redde. Han meiner det er ein større seier i det å overgi seg for nokon andres sterke argumenter for så å ta lærdom av det, enn å sjølv vinne diskusjonen over nokon svake.


Det er tydeleg at teksten er skreve for lenge sida, men innhaldet er framleis relevant. Han er open mot andres meiningar, og sett pris på ein god diskusjon! Skrivemåten er også relativt uformell. Eg skriv relativt på grunnlag av at ordet ’uformelt’ har ein anna betyding nå enn det som var når denne teksten blei skreve. Så for å være frå denne perioden er det ein uformell tekst. Eg synast han har mange gode meiningar som eg kan seie meg einig i.


Det er fleire kjenneteikn i denne teksten som tilseier at det er eit essay. Skrivemåten er personleg, og det er forfattarens meiningar som kjem fram i teksten. Forskjellige samanhenger blir trekt inn i teksten, han fortel fritt om temaet. Teksten inneheld ein del informasjon, supplert med eigne opplevingar og andre ting som fengar lesaren.


Kjelder:

http://no.wikipedia.org/wiki/Michel_de_Montaigne

Læreboka Grip Teksten.

Bilete: http://researchist.files.wordpress.com/2009/01/montaigne1.jpg

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar